|
Article on other languages:
|
Aikido (合気道, aikidō?), er ein japansk kampkunst (budo) utvikla av Morihei Ueshiba som eit resultat av kampkunsten han hadde studert og den filosofiske og religiøse bakgrunnen han hadde. Tanken hans var å utvikle eit system der ein kan forsvare seg utan at den som går til åtak, vert skada. Harmoni er viktig for ein aikidoutøvar. Teknikkane i aikido er hovudsakleg sett saman av kast og låsing av ledd. Ein trener også ein del med trevåpen.
BakgrunnI hovudsak utvikla Ueshiba aikido frå Daitō-ryū aiki-jūjutsu som er ein retning av jujutsu som han studerte direkte hos utviklaren av denne stilretninga, Takeda Sokaku. Ueshiba studerte også andre japanske kampkunstar der i blant judo. Mykje av den tekniske strukturen i aikido baserte han på sverdkunsten kenjutsu. På 1930-talet fekk kampkunsten til Ueshiba eit særpreg, og han kalla kunsten "aikibudo". I 1942 vart aikido det offesielle namnet på kunsten under standardisering av japansk kampkunst støtta av regjeringa. Ordet "aikido" er sett saman av tre japanske skriftteikn: 合 - ai - sameine, harmonisere 気 - ki - ande, livsenergi 道 - dō - veg, retning StilartarUeshiba utvikla aikido så lenge han levde slik at kunsten stadig vart meir harmonisk. Han hadde mange elevar på ulike stadier av denne utviklinga. Det oppstod såleis mange stilretningar av aikido. Stilretninga som Ueshiba sjølv vidareutvikla, aikikai, er den mest utbreidde. Stilretningen aikikai vert leia av etterkomarane til Ueshiba. Desse leiarane vert kalla doshu. Staden ein trenar kampkunst vert kalla dojo, og hovudsetet for aikido vert kalla hombo dojo og ligg i Tokyo i Japan. Nedanfor følgjer eit oversyn over ulike stilretningar og kven som grunnla dei.
Gradering og påkledningSom andre kampkunstar og kampsportar har aikido ei rekkje trinn i opplæringa, og ein graderer seg for kvart trinn. Den første graderinga er sjette kyu (elevgrad) som krev at ein har kjennskap til dei mest elementære teknikkane. Med jevn trening kan ein ta ein gradering om lag kvart halvår, og avansere oppover til første kyu. Når ein kjenner dei fleste teknikkane, kan ein gradere seg til første dan (meistargrad). Den høgaste graden ein graderer seg til, er fjerde dan, og då skal ein kunne bruke alle teknikkane i tilfeldig rekkjefølgje og forsvare seg mot fleire motstandarar. Det tek mange år å avansere frå første til fjerde dan. Endå høgare dan-grader kan etter særleg innsats for kampkunsten tildelast av hovudsetet for aikido (homobo dojo). Den høgste tildelte graden er 10. dan. Påkledningen liknar den andre japanske kampkunstar nyttar: enkle kvite bukser og ei kvit jakke ein knyter om seg med eit belte. Sidan aikido innehled ein del grep, nyttar ein gjerne eit tjukt vove stoff slik som i judo, men ein kan også nytte drakter med tynnare stoff slik som ein nyttar i karate. Dei fleste stilretningane i aikido nyttar også eit vidt bukseskjørt som heiter hakama. Dette er oftast svart eller mørkt blått. I dag er som regel hakama reservert for dei som har nådd eit visst dugleiksnivå, oftast graden første dan. Så lenge ein har kyu-grad nyttar ein kvitt belte. Utøvarar med dan-grad nyttar nesten altid svart belte. (I andre kampkunstar og kampsportar har ein i vesten teke til å nytte ulike fargar på belta for dei forskjellige kyu-gradane.) TeknikkarUke kallar ein den personen som simulerer eit åtak. Den personen som forsvarer seg med aikidoteknikken vert kalla nage, tori eller shite alt etter stilretning. Ein svært røynd utøvar må også takle åtak frå fleire samstundes. For det meste trenar ein på teknikk som ein på førehand har avgjort (kata), men ein kan også verta samde om å utføre åtak og forsvarsteknikk fritt (randori). I aikido er det eit viktig prinsipp å nytte kraften til den som går til åtak mot denne slik at denne kjem ut av balanse. Forsvarsteknikken i aikido krev at ein står i likevekt. Vidare nyttar ein krafta frå vektstangprinsippet og rotasjonskraft for å få motstandaren over ende. Her er det viktig med fallteknikk for den som går i bakken. Ein nyttar også låseteknikkar på ledda til motstandarden. Døme på innleiande åtakSimulerte slag vert nytta slik at ein har noko å forsvare seg mot. Simulerte spark vert bere nytta av røynde utøvarar fordi den som går til åtak då treng spesielt god fallteknikk når han vært kasta over ende. Særleg for nybyrjarar kan den som går til åtak, halde fast den som skal forsvare seg.
Døme på grunnleggjande forsvarsteknikkDette er mykje brukte halde- og kasteteknikkar den som skal forsvare seg, nyttar:
VåpenEin nyttar stundom våpen laga av tre i treninga. Røslene i uvæpna aikido er for øvrig inspirert av tradisjonell kamp med sverd. Våpen som vanlegvis vert brukt, er ein stav som vert kalla jo, eit tresverd som heiter bokken på japansk, og trekniv som ber navnet tanto. Bakgrunnsstoff
|
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.