|
Article on other languages:
|
Aritmetikk (frå gresk αριθμός = tal/siffer) eller rekning er den eldste og mest grunnleggande greina av matematikk, nytta av nesten alle menneske i alt frå daglegdags teljing til utrekningar i avansert vitskap og føretaksverksemd. Til vanleg vert uttrykket nytta om ei grein av (eller grunnleggaren til) matematikk som omhandlar grunnleggande operasjonar på tal. Matematikarar nyttar stundom uttrykket (høgare) aritmetikk[1] når dei omtalar talteori, men dette må ikkje forvekslast med elementær aritmetikk. Dei vanlege aritmetiske operasjonane er addisjon, subtraksjon, multiplikasjon og divisjon, sjølv om meir avanserte operasjonar (som til dømes prosent, kvadratrot, potens og logaritme) òg nokre gonger vert definert som artimetikk. Aritmetikken til naturlege tal, heiltal, rasjonelle tal (i form av brøkar) og reelle tal vert vanlegvis studert av skuleborn, som lærer manuelle algoritmar for aritmetikk. I dei seinare åra har bruken av kalkulatorar tatt over mykje av denne funksjonen. Fotnotar
|
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.