|
Article on other languages:
|
Artillerimannskap frå den amerikanske revolusjonen
Avfyring av ei 10-kg kanon, Louis-Philippe Crepin, (1772 – 1851)
Artilleri refererer vanlegvis til maskineriet som vert brukt for å avfyre store prosjektil under krig, styrt av eit mannskap. Uttrykket vert òg brukt om våpenarta, som består av soldatar utrusta med slike våpen. Uttrykket dekkjer kystartilleri, som vanlegvis vernar kystområda for angrep frå sjøen og kontrollerar passerande skip, feltartilleri, og luftvernsartilleri, som kom i samband med flya på byrjinga av 1900-talet.
HistorieOrdet vart først brukt i denne samanhengen i Middelalderen. Frå 1200-talet refererte artillier til ein som bygde krigsutstyr, og dei neste 250 åra dekka ordet alle former for militære våpen. Eldre maskineri som katapult, onager, trebuchet og ballist er artilleri, men det moderne uttrykket går tilbake til 1400-talet med bombekastarar og kanoner. Bombekastarane er dei tidlegaste artilleria som brukte krutt. Dei var vanskeleg, om ikkje umogeleg, å flytte på og var ofte upålitlege. Då kanonen kom var desse montert på forstell som kunne dragast rundt av hestar, slik at ein kunne flytte dei rundt og støtte ein hær i kamphandling, i staden for å berre verte brukt i beleiringar og statiske forsvar. Kanonene måtte alltid ladast i munninga, og etter kvart utvikla jarnstøypinga seg slik at det ofte farlege botnstykket vart fjerna. Å operere ei kanon var likevel komplisert, og ofte måtte dei settast raskt opp og i stressande situasjonar, der feil ofte kunne vere fatale. Sjølv om dei kunne flyttast på var dette ofte vanskeleg, særleg om ein skulle opp ei skråning som var meir enn eit par grader bratt, og ofte måtte det mykje mannskap til for å skubbe kanonene oppover. Det var òg svært utmattande å trekke seg tilbake under slag. Første gong artilleri med krutt vart dokumentert på ei slagmark var 28. januar 1132. General Han Shizhong frå Songdynastiet brukte stormstigar og artilleri for å ta byen Fujian frå mongolarane. Kombinasjonen av skot og krutt på ein gong, ei skarp patron, oppstod på 1620-talet med ein enkel pose av tøy, og denne vart raskt tatt opp av alle nasjonar. Det gjorde det raskare og sikrare å lade, men fragment frå posane smussa til kanonløpet og det vart utvikla ein ny reiskap, ei krafse, for å fjerne smusset. Granatar, prosjektilar som var fylt med eksplosivar, vart òg utvikla, men det var ofte problem med avfyringsmekanismane. Etter kvart utvikla ein meir spesielle artillerivåpen, skipsartilleri, haubitsar og bombekastarar, som og vart utvikla i denne perioden. Enkelte hemmelege våpen vart òg utvikla, som fleirløpskanona ribauldequin.
Ei smisveist jarnkanon i Thanjavur i Tamil Nadu. Denne vart bygd under styret til Raghunatha Nayak (1600 - 1645 AD), og skal ha vore ei av dei største kanonene i verda. Artilleriet vart brukt av den indiske hæren for å forsvare seg.
Merkeleg nok stoppa nesten utviklinga av kanona på 1800-talet, sjølv om ein gjorde store framskritt i metallurgi, kjemi, fabrikkindusti og andre vitskapar. På 1860-talet utvikla teknologien seg raskt for handskytevåpen. Dette gjorde at gevermenn kunne angripe dei store kanonmannskapa og ammunisjonslagra. Derfor kunne ein ikkje lenger bruke kanoner på slagmarka, og dei måtte anten bli mindre og lettare, eller dei måtte halde seg lenger unna. Det andre valet, med å bruke indirekte eld, førte til utviklinga av teknologiane og doktrinene som har produserte det moderne artilleriet. Moderne artilleriModerne artilleri er som regel større og kan avfyre eksplosive granatar eller rakettar, og er av ein slik storleik og vekt at dei krev spesielle kanonlavettar for og avfyrast og transporterast. Våpen som kjem inn under artilleri i dag er «kanoner» som haubitsar, bombekastarar, feltkanoner og rakettartilleri. Visse bombekastarar er derimot laga som handvåpen i staden for artilleri. Uttrykket «artilleri» har vanlegvis ikkje vorte brukt om prosjektil med indre fjernstyringssystem, sjølv om enkelte artillerisystem brukar bakke-til-bakke missilar. Framskritt med fjernsstyringssystem for lette våpen har etter kvart gjort at uttrykket er vorte noko utviska. TyparDei forskjellige typane kanonartilleri vert vanlegvis skilt frå kvarandre ut i frå farten dei kan fyre av prosjektilar. Skipskanoner eller støttekanoner for infanteri har vanlegvis lange løp, låg trajektorie og høg fart, og er hovudsakleg laga for episodar der ein treng direkte eld. Vanlegvis er lengda på kanonløpet meir enn 25 gonger kaliberet (den indre diameteren i løpet). Haubitsar er forholdsvis korte, og kan avfyre skot i både høg og låg vinkel. Dei vert oftast brukt i samband med indirekte eld (avfyring mot mål som er utafor mannskapet si synsvidde) og kan brukast til gje vern mot eld frå sida. Vanlegvis er lengda på ei haubitskanon mellom 15 og 25 gongar større enn kaliberet. Det norske forsvaret brukar motoriserte felthaubits M109 A3GN. Bombekastarar er mindre, med låg fart og avfyrer med høg vinkel som gjer at at dei har forholdsvis kort rekkevidde. Vanlegvis er bombekastarløpet mindre enn 15 gonger kaliberet. Moderne feltartilleri kan delast inn i to andre kategoriar: Dei som ein må taue, og dei som er motoriserte og kan flytte seg på eiga hand. Undertypar
Ei britisk 27-kg (125 mm) kanon under full rekyl på slagmarka nær Gallipolli i Tyrika i 1915.
ArtilleriammunisjonArtilleriammuinsjonen er bygd opp av fire komponentar
Alle former for artilleri krev ei drivkraft som fører prosjektilet til målet, og ei mindre ladning til å starte drivladninga. Det vanlege har vore at krutteksplosjonar inne i kanonløpet har drive prosjektilet ut av løpet og framover. Dei siste 50 åra har ein også utvikla rakettdrivne prosjektil og rekylfrie våpen med opne bakstykke. Granaten er sjølve prosjektilet i artilleriet. Den kan innehalde alle mulige former for eksplosivar, som høgeksplosiv, panserbrytande holladningar, plastiske eksplosivar, eller det kan vere cargoammunisjon som inneheld brannstiftande materiale, røyk, brennande lys, delladningar (bomblets), miner, giftige kjemiske og biologiske stoff (forbode etter Geneve-konvensjonane) og tilmed atominnretningar. Framst på granaten sit eit brannrøyr som avgjer korleis granaten skal omsetjast (eksplodere, opne seg). Ein har brannrøyrsmekanismar som løyser ut når granaten slår i bakken, etter ei viss tid eller i ei viss høgd. Dette er meir dødeleg enn om eksplosjonen skjedde i bakkenivå. Den siste typen omsetjingssmekanismar vart først brukt på slagmarker i Europa seint i desember 1944, og førte til at ein meir effektivt kunne bryte saman dei tyske angrepa. Sjå òg |
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.