|
Article on other languages:
|
Bergen uttale er den nest største byen i Noreg. Bergen kommune har over 250 000 innbyggjarar pr 15. august 2008, 212 626 av desse i tettstaden. Administrasjonen til Hordaland fylkeskommune ligg i Bergen, slik sett er Bergen «hovudstaden» i Hordaland fylke. Fram til 1972 var Bergen by eige fylke. Bergen er ein by særprega av gamle trehus, fjordar og dei sju fjella. Byen er eit populært reisemål for både norske og utanlandske turistar. Bergen hamn er den hamna i Europa som har flest cruisebåtar innom årleg. Bergen har òg eit universitet som trekkjer studentar utanbys frå.
Historie
Klosteret sett ifrå Vågen
Bergen vart grunnlagt av kong Olav Kyrre i 1070 og var Noregs hovudstad fram til 1299, då Oslo vart sete for kongen. Byen heldt stillinga som største byen i landet til ut i 1830-åra, og var frå ca 1350 til ca 1750 prega av den hanseatiske handelsverksemda, som Bryggen i Bergen minner om. Bryggen i Bergen står på UNESCO si liste over kulturarven i verda (verdsarvlista). Opp gjennom tidene har det vore mange bybrannar i Bergen. Folkemengd og vokster I nyare tid har byen vorte utvida ei rekkje gonger:
Geografi
Bergen sett ifrå Fløyen.
Byen er kjend for å vera omkransa av fjell, og namnet «Bergen» er avleidd frå det norrøne Bjørgvin, som tyder 'enga mellom fjella'. Gulfjellet i Arna bydel er med høgda 987 m.o.h. høgaste fjellet i Bergen. Noverande kommunegrenserKommunen Bergen ligg på Bergenshalvøya saman med Os kommune. Bergenshalvøya er knytta til resten av fastlandet via kommunane Vaksdal og Samnanger. Via fjordar grensar Bergen òg til følgjande andre kommunar i Hordaland fylke: Austevoll, Sund, Fjell, Askøy, Meland og Osterøy. Bydelar
Politikk
Bergen kommune gjekk over til eit parlamentaristisk styresett i juni 2000, i Bergen ofte kalla byparlamentarismen, etter modell frå Oslo kommune. I Bergen er det byrådet og byrådsleiaren som representerer den utøvande makta. Parlamentarismen gjer bystyret kontroll over byrådet, og det er innførd funksjonar og retningsliner for mellom anna å kunne stille kabinettspørsmål. Uliks det nasjonale parlamentarismen, vert byrådet direkte valt av bystyret. Bystyret i Bergen er samansett av 67 folkevalde politikarar frå ni forskjellige parti (Høgre, Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raud Valallianse, Kristeleg Folkeparti, Pensjonistpartiet, Venstre og Senterpartiet). Gunnar Bakke (Frp) er ordførar, medan Trude Drevland er varaordførar (H). Sju av bystyrepolitikarane er tilsette av kommunen som heiltidspolitikarar (kommunalrådar). Alle partigruppene får i tillegg løyvd pengar til politiske skrivarar og rådgjevarar, ut frå storleiken på gruppa. Etter at eit byråd utgått av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti hadde regjert sidan innføringa av byparlamentarismen i juni 2000, førte valresultatet frå kommune- og fylkestingsvalet i september 2003 til at byrådet måtte gå av. Kristeleg Folkeparti, Venstre og Høgre danna 27. oktober 2003 byråd med Framstegspartiet som parlamentarisk grunnlag. Hausten 2005 nekta Framstegspartiet å halde fram med det budsjettmessige samarbeidet. Byrådet forhandla etter dette med Arbeidarpartiet, og gjekk inn i eit tidsbegrensa budsjettsamarbeid. Etter valet i 2007 inngjekk Høgre, Frp ogg Krf samarbeid om å danne byråd. Monica Mæland (H) heldt fram som leiar, Høgre fekk tre byrådar, Frp og Krf to kvar. Språk i Bergen
Bergensdialekten er kjend for å skilja seg frå hordalandsdialekten elles, og ber særleg preg av påverknad frå tyske hanseatar. Han er mellom anna blitt forenkla slik at han berre har to genus, samkjønn og inkjekjønn, mot tre i andre målføre (hannkjønn, hokjønn, inkjekjønn). MålformForvaltningsmessig har Bergen tradisjonelt vore ein bokmålskommune, men har òg hatt eit stort innslag av nynorskbrukarar i akademia og i kulturlivet. Fleire aviser som vert redigerte både på bokmål og nynorsk kjem ut i Bergen, som til dømes Dagen og Bergens Tidende. Hausten 2005 gjorde Bergen bystyre eit vedtak om å vere målnøytrale, og tillate både nynorsk og bokmål i fråsegn, vedtak, utgreiingar og anna kommunikasjon. Kjende bergensarar
Les ògBakgrunnsstoff
Article keywords: ford bergen, nissan bergen, mercedes benz bergen, chevrolet bergen, used car bergen, acura bergen, toyota bergen, jeep bergen, lexus bergen, |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.