|
Article on other languages:
|
Christiaan Huygens (14. april, 1629 - 8. juli, 1695) var ein nederlandsk matematikar og fysikar, født i den Haag. Huygens blir vanligvis forbundi med den vitskaplege revolusjonen.
Liv og utdanningHuygens kom frå ein velståande familie. Faren hans, Constantijn Huygens, var diplomat og diktar. Gjennom faren kom Christian i kontakt med den tidas beste matematikarar, blant anna René Descartes, som fekk stor betydning for han når det gjeld matematikken. Christiaan Huygens studerte jus og matematikk ved Universitetet i Leiden fra 1645 til 1647. Etter dette heldt han fram ned studiet ved ein institusjon i Breda, Oranje . Vitskapeleg arbeidI 1651 og 1654 publiserte han sine første verk over matematiske problem. Etter kvart gjekk interressen hans meir til astronomi og sannsynsteori. MatematikkEtter eit framlegg frå Blaise Pascal publiserte han den fyrste kjendte boka om sannsynsteori [1]. FysikkDet han er mest kjendt for er Huygens–Fresnel prinsippet, om bølgeutbreiing. AstronomiI 1655 oppdaga han saturnmånen Titan med eit sjølvbygd teleskop. Titan var den første månen som blei oppdaga som ikkje gjekk rundt Jorda eller Jupiter. Titan-landaren Huygens er oppkalla etter han. Eksperiment med ein forbrenningsmotorDet er kjendt at Huygens eksperimenterte med ein krutdriven undertrykkstempelmotor. I eit brev til bror sin i 1673 hadde han teikna ei skisse av motoren [2]. Eit stempel i ein sylinder var festa til eine enden av eit taug, som gjekk over ei trinse på ein påle, med ei last som skulle lyftast i den andre enden av tauet. Lasta i tauet lyfta stemplet til øvre posiston i sylinderen. Med stemplet i øver posisjon vart ei krutladning i sylinderen sett av. Ventillar i sylinderen, laga av funktig lær og utforma som korte røyr som stakk ut, sleppte ut overskotssgassen, slik at trykket i sylineren vart omlag likt med trykket på utsida. Når gassen i sylinderen vart avkjølt vart volumet av gassen mindre og atmosfæretrykket på toppen av stemplet pressa det nedover i sylinderen. Krafta i tauet lyfta lasta i andre enden og det vart utført arbeid. Når det vart sleppt luft inn i sylinderen att ville lasta i andre enden av tauet lyfta stemplet til øvre posisjon att. Ei ny krutladning måtte plasserast i sylinderen for kvar gong stemplet skulle lyfta. Huygens kom fram til at ei krutladning på ein halv kilo kunne lyfta ein masse på 1360 kg til ei høgd på 9 m [2]. I fylge [3] fekk Huygens motoren til å fungera og demonstrerte han i 1680. Det er ikkje kjent om Huygens visste om framlegget til Abbé Hautefeuille, som omlag på same tid som Huyhens kom med framlegg on å laga ein krutdriven undertrykkstempelmotor. Så langt ein veit var Huygens den fyrste som laga ein «Stempelmotorar med invedig forbrenning» som fungerte. Assistenten han, Denis Papin, gjekk seinare over til å arbeida med dampdrive undertrykkstempelmotorar. Referansar
|
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.