Forbrenningsmotor

Article on other languages:

del.icio.us del.icio.us
Digg Digg
Furl Furl
Reddit Reddit
Rojo Rojo
Add to OnlyWire
Ein 42-sylindra JSC Zvezda M503 diesel stjernemotor, på 2940 kW
Ein 42-sylindra JSC Zvezda M503 diesel stjernemotor, på 2940 kW

Ein forbrenningsmotor er ei varmekraftmaskin som omsett kjemisk energi i brennstoff til mekanisk energi ved hjelp av kontrollert forbrenning.

Innhaldsliste

Klassifisering

Klassifisering av forbrenningsmotorar.
Klassifisering av forbrenningsmotorar.

Det fins mange ulike forbrenningsmotorar, som kan klassifiserast på ulike måtar. Ei vanleg klassifisering er å dela dei inn i to hovudgrupper: motorar med utvendig forbrenning og motorar med innvendig forbrenning. Desse to hovudgruppene kan så klassifiserast vidare, som til dømes:

For å letta oversyner er finare klassifiseringar plassert i underartikklane som handlar om dei ulike motortypane.

Historisk oversyn

Det historiske oversynet under er stort sett berre ei opplistig av dator, som er meint å gje eit raskt oversyn over dei ulike oppfinningane og utviklinga innan forbrenningsmotorteknologi. Artiklane som handlar om dei ulike motortypane har meir utfyllande stoff om soga til motorane dei handlar om.

År Utvendig forbrenning Innvendig forbrenning Oppfinning
Open krins (damp) Lukka krins Trykk Reaksjon
Stempel Reaksjon Lukka Stempel Turbin/jet Rakett
50 Reaksjon Heron av Alexandria experimenterte med ein roterande dampjetmotor, kjent som Eolipile.
1206 Stempel Al-Jazari fann opp ei dobbeltverkande stempelpumpe med veivaksel og råde
1232 Rakett Kinesarane nytta krutrakettar for å forsvara seg mot mongolske åtak
1241 Rakett Mongolane nytta rakettar (som kinesiske vitskapsmenn hadde laga for dei) mot ungarane under åtaket på Sejo
1243 Rakett Det osmanske riket fekk tilgand på rakettar (truleg frå mongolane)
1258 Rakett Mongolarane nytta rakettar under åtaket på Bagdad
1268 Rakett Araberane nytta rakettar for å forsvara seg mot franske åtak
1509 Stempel Taqi Al Din beskreiv eit dampdreve grillspyd [1]
1551 Stempel Leonardo da Vinci foreslo ein forbrenningsmotor (utan kompresjon)
1609 Stempel Giambattista della Porta experimenterte med ei dampdriven vasspumpe
1615 Stempel Salomon de Caus publiserte eit vitskapeleg verk [2] der han mellom anna tok for seg expansjon og kondensasjon av damp
1629 Reaksjon Giovanni Branca beskreiv ein dampturbin [3]
1633 Rakett Lagari Hasan Çelebi nytta ein krutrakett for å flyga over Bosporos. Han var utstyrt med venger og landa ved glideflukt. Verda tok rundt 300 sekund og maksimalhøda vart vurdert til omlag 300 m.
1663 Stempel Edward Somerset eksperimentertr med ei dampdriven vasspumpe.
1673 Stempel Abbé Hautefeuille foreslo ein forbrenningsmotor som nytta krut som drivstoff, for å pumpa vatn. Prinsippet var å nytta atmorfæretrykket til å lyfta vatnet ved at det oppsto undertrykk i sylinderen når gassen vart avkjølt etter eksplosjonen [4].
1678 Stempel Christiaan Huygens eksperimenterte med ein krutdriven undertrykkstempelmotor. I fylje [4] fekk Huygens motoren til å fungera og demonstrerte han i 1680.
1678 Stempel John Trust utførte experimentert som bygde på arbeidet til Edward Somerset.
1690 Stempel Denis Papin experimenterte med ein dampsylinder.
1698 Stempel Thomas Savery bygde ei dampdriven vasspumpe, utan stempel, for å pumpe vatn ut av gruver.
1600-talet Undertrykk Samuel Morland eksperimenterte med å nytta krut for å generera undertrykk for å lyfta vatn
1712 Stempel Thomas Newcomen bygde ei dampdriven vasspumpe med stempel og sylinder for å pumpe vatn ut av gruver
1763 Stempel James Watt laga ein forbetra verson av dampmaskina til Newcomber.
1769 Stempel James Watt fekk patent på ein kondensator, som førte til at dampmaskinane vert meir effektive
1771 Stempel Joseph Cugnot bygde ein dampdriven lastebil
1776 Stempel James Watt bygde ei dampdrive vasspumpe i stor skala.
1780 Stempel James Watt fann opp den dobbeltverkande dampmaskina
1780 Stempel Alessandro Volta nytta ein elektrisk gnist til å tenna ei luft-hydrogen-blanding [5]
1782 Stempel James Watt bygde ei dobeltverkande dampmaskin.
1788 Stempel James Watt fann opp sentrifugalregulatoren
1791 Stempel John Barber fekk patent på og bygde ein primitiv gassturbin
1792 Rakett Kong Tipu Sultan av Mysore (no ein del av India) nytta srakettar for å forsvara seg mot åtak frå Det britiske Ostindiske kompaniet under Dei anglo-mysorske krigane
1794 Stempel Robert Street fekk patent på ein forbrenningsmotor (utan kompresjon) som nytta terpentin- eller oljedamp
1799 Stempel Richard Trevithick utvikla ein høgtrykksdampkjel, som gjorde kondensatorkammeret til Watt overflødig.
1801 Stempel Philippe Lebon fekk patent på ein dobbeltverkande gassmotor (utan kompressjon)
1816 Lukka Robert Stirling fann opp ein varmluftsmotor (stirlingmotoren)
1820 Stempel W. Cecil publiserte eit framlegg til ein stempelmotor som nytta hydrogen som drivstoff. Det var atmosfæretrykket som utførte arbeid når gassen i sylinderen vart avkjølt etter forbrenninga. [4]
1823 Stempel Whright fekk patent på ein dobbeltverkande gassmotor med sentrifugalregulator [4]
1833 Stempel Samuel Brown fekk patent på og byggde ein gassmotor som fungerte [4]
1838 Stempel William Barnett fekk patent på ein gassmotor som i tillegg til arbeidssylinderen hadde to andre sylindrar som komprimerte lufta og gassen før dei vart blanda. Motoren hadde ikkje kompresjon, men gassen syn strauma inn i sylinderen hadde overtrykktrykk [4]
1843 Stempel Drake byggde ein gassmotor som gjekk på lampegass. Turtalet var på 160 o/min og effekta på rundt 20 hk[4]
1856 Stempel Eugenio Barsanti og Felice Matteucci byggde ein gassmotor som vart innstaller på Maria Antonia jarnbanestasjon i Firenze
1860 Stempel Jean-Joseph Étienne Lenoir tok patent på ein totaks gassmotor med innvendig forbrenning, men utan kompresjon. Lenoir testa motoren i ein primitiv bil [6]. Motorane til Lenoir er rekna som dei fyrste som var brukbare i praksis, sjølv om dei hadde svært dårleg verkningsgrad
1860 Stempel Christian Reithmann fekk patent på firetaktsmotoren
1862 Stempel Alphonse Beau de Rochas fekk patent på ein firetaktsmotor med sjølvtenning
1863 Stempel Jean-Joseph Étienne Lenoir utvikla ein forgassar og prøvekjøyrer ein bil med forbrenningsmotor for flytande drivstoff[6]
1870 Stempel Siegfried Marcus bygde ein totaktsmotor utan kompresjon, etter same mønster som Lenoir. Han monterte motoren i ei vogn.
1877 Stempel Nikolaus August Otto tok patent på ein firetaktsmotor med innvendig forbrenning, med kompresjon (patentet seinare vart oppheva, etter ei rettsak)
1882 Stempel George Brayton bygde ein motor som gjekk på parafin, med ein separat sylinder for kompresjon. Motoren hadde låg verkningsgrad
1884 Turbin Ægidius Elling fekk paten på ein gassturbin. Charles Algernon Parsonsl bygde ein gassturbin
1890 Stempel Herbert Akroyd Stuart tok patent på glødehovudmotoren.[7]
1892 Stempel Rudolf Diesel tok patent på dieseslmotoren
1903 Turbin Ægidius Elling byggde den fyrste gassturbinen som kunne levera nytteffekt. Effekta var 8 kW (11 hk).
1903 Rakett Konstantin Eduardovich Tsiolkovsky publiserte rakettlikninga og foreslo å nytta hydrogen og oksygen som drivstoff
1906 Jet Rene Lorin fann opp motorjet
1908 Jet Victor de Karavodine utvikla grunnlaget for reaksjonsmotorar
1910 Jet Henri Coandă bygde det fyrste jetflyet. Det nytta ein motorjet.
1919 Rakett Robert Goddard publiserte A Method of Reaching Extreme Altitudes[8], som la gunnlaget for mykje av moderne raketteknologi.
1923 Rakett Hermann Oberth publiserte Die Rakete zu den Planetenräumen[9], som la gunnlaget for mykje av moderne raketteknologi.
1929 Stempel Felix Wankel tok patent på wankelmotoren
1932 Jet Frank Whittle tok patent på turbojetmotoren
1937 Jet Det fyrste jetflyet tok av den 12. april i Storbritania
1939 Jet Hans von Ohain bygde og testa den fyrste turbojetmotoren
1970-talet Stempel Ein fekk elektronisk kontrollert tenning i bilmotorar
1980-talet Stempel Det elektroniske tenningssystemet blir forbetra for å minske forureining
1980-talet Stempel Ein fekk elektronisk drivstoffinnsprøyting på bensinmotorar til bil
1990-talet Stempel Ein fekk hybridkøyretøy som nyttar seg av både ein forbrenningsmotor og ein elektrisk motor

Sjå óg

Kjelder

  1. al-Din, T., Al-Turuq al-samiyya fi al-alat al-ruhaniyya, 1551.
  2. de Caus, S.Les Raisons des forces mouvantes, 1615.
  3. Branca, G., Le machine, Roma, 1629.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 The Early History of Combustion Engines', University of Cambridge, Department of Engineering. (vitja 19/4-2008)
  5. Electric pistol, Volta's instruments. (vitja 19/4-2008)
  6. 6,0 6,1 Hütten, H., Motoren - Technik - Praxis - Geschichte, 10. utg., Motorbuch Verlag, 1997.
  7. Hooley, R., The Akroyd Oil Engine, Ray Hooley's - Ruston-Hornsby - Engine Pages. (Ref. dato: 22/9-2007)
  8. Goddard , R., A Method of Reaching Extreme Altitudes, Smithsonian Institution, 19919.
  9. Oberth , H., Die Rakete zu den Planetenräumen, 1923.

This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.