|
Article on other languages:
|
Mauritius er ein øystat som ligg aust for det afrikanske fastlandet i det indiske havet. Øya ligg rundt 90 mil aust for Madagaskar, og er saman med Réunion og Seychellane ein del av Maskarenane. HistorieMauritius vart i 1505 oppdaga av portugisarane, og låg deretter under, i tur og orden, Nederland, Frankrike og Storbritannia til landet vart sjølvstendig i 1968. Landet var ubebudd ved oppdaginga, folkesetnaden i dag er dominert av indarar og ein mindre del afrikanarar. Mauritius er eit stabilt demokrati og har ein av Afrika sine høgste BNP pr. innbyggjar. KlimaMauritius har eit tropisk havklima med forholdsvis høge temperaturar og høg fukt året gjennom. Temperaturane vert derimot aldri så høge at det blir ubehagleg, sjølv om nettene kan vere ganske klamme. Ein har regn i alle månadar, men den våtaste perioden er frå desember til april. I desse månadane kan òg tropiske syklonar treffe øya eller passere nær nok til å gi svært store nedbørsmengder og øydeleggjande vind. Den sørlege og søraustlege kysten er mest utsett for den søraustlege passatvinden, og får om lag dobbelt så mykje regn som Port Louis (som har ein normal på 1287 mm nedbør i året), og regnet er òg kraftigare i dei høgareliggande områda innafor. Utanom den våtaste perioden kan ein få ein god del sol med litt lågare temperaturar og kraftig sjøbris.
Article keywords: air mauritius, mauritius weather, university of mauritius, mauritius meteo, mauritius island, map of mauritius, flight to mauritius, mauritius beach, mauritius examination syndicate, |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.